Quantcast
Channel: Strikkeblogger | Norsk Strikkeblogg oversikt » Strikk
Viewing all articles
Browse latest Browse all 113

Restefest!

$
0
0
Alpakka er ein flott garn! God kvalitet - godt og mjukt -  og mange nydelige fargar! Eg har strikka ein del i dette garnet dei siste åra. Det medfører at eg har ei heil korg full av halve alpakkanøster frå litt forskjellige leverandørar. Dei fleste kan sorterast under "yndlingsfargar" - blåe, grønne, turkise og lilla fargar. Eg hadde i allefall 20 forskjellige fargenyansar. Det må jo bare bli ein fargerik stripejakke. Litt prøving og feiling, men eg endte på 3 omgangar av kvar farge - i tilfeldig rekkefølge. Armane skal ikkje vere like. Eg er veldig lite symmetrisk av meg. Likar best når ting "ikkje stemmer" og "provoserer" litt. Men nå er eg i gang - utruleg tilfredstillandes å ta fatt på den eine korga etter den andre frå Kammerset, og bruke opp noko av alt eg har hatt til modning gjennom ei årrekke! Veldig kjekt, med striper - ser fort framgang, vanskeleg å legge frå seg. Bare ei stripe til....

Stripe på stripe - 3 omg av kvar farge.
20 ulike nøster gjer flott fargespel.

Godt i gang!

Ulempen med striper er alle trådane som må festast....


Viewing all articles
Browse latest Browse all 113


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>