Eksperimentell flettestrikk! Eit eksperiment for meg, iallfall, med asymmetriske fletter. Desse flettene har klartenkte Nøstet hjelpt meg å teikne opp mønster til, og eg synest resultatet vart riktig så fint.
Putetrekket er strikka i same svabergsgrå babyull som babysokkane, kjøpt på sal ein gong. Dobbelt garn og 142 masker på pinne nr. 3,5 vart passe. No skal puta få varme ein kollega i ryggen i vinter. Ho har flunkande ny heim mørk grå sofa.
-Snella-
